Jada, det er det han seier. Me har nemleg vore i Hardangertun
Familiepark, og der bur Mikkel. I teiknehytta teikna eg ei
flott teikning som eg leverte til Mikkel, og eg vart vinnaren av
dagens teiknekonkurranse! Dermed fekk eg premie frå
sjølvaste Mikkel. Det syntest eg var litt skummelt, for
Mikkel var så veldig stor og bustete og hadde utståande
plastikkauger... Pappa måtte difor ta imot premien (ei stilig
Mikkel-handdokke, som eg likar godt altså). Og då pappa
spurde kva reven seier, sa eg 'Whaaaaaaaaah!', litt sånn
tigerlyd. Då lo dei godt dei som jobba i parken der ;)
Det var elles veldig kjekt i parken! På bildet ser du
meg ute i ein bumpebåt. Det var det første eg
prøvde, og eg syntest det var heilt topp - først
gjekk det mykje rundt i ring, sidan eg berre haldt rattet i ro og
det tydelegvis stod i sving... Men med littegrann hjelp fann eg ut
av det og kom meg rundt omkring i heile bassenget, bumpa inn i
nokon andre og alt.
Elles var det veldig stilig å kjøre ulike bilar og
båtar, sjå på dyra, teikne ja, kjøre
kræsjbåt med pappa, sjå på det stilige i
Karibia og ete god mat. Og så var det jo veldig stas å
vere saman med Benjamin, Jonatan, David, tante og onkel! Eg hadde
meg dessutan ein god lur i vogna mi medan me var der, og har
ingenting å klage på. Sånn reint bortsett
frå at eg ikkje likte store Mikkeldokker - verken den store
med premien eller dei litt mindre i dokketeateret. Skummelt
faktisk.
Kvelden før me var i parken bada me masse på
stranda i Kinsarvik. Det var superkjekt, sjølv om det var
ganske kaldt vatn. Eg bada og bada og bada, og vart kjempelei meg
då me til slutt måtte gå..
Då me kom heim att på søndag kvelden stod det
ei campingvogn utanfor her. Og veit du kven som budde i den? Farmor
og farfar! 
I går var me i Habn og bada saman med dei lengelenge. Eg
bada i alle fall lengelenge, og her er det mykje varmare i vatnet
også, så eg vart i grunnen aldri kald! Seinare grilla
me, det var stilig! Ikkje så veldig stilig at eg ikkje fekk
gå nær for å undersøke grillen, men mampap
påstod det ikkje var så lurt..
I dag tidleg reiste farmor og farfar til Sandnes, og dit skal me
også straks reise. Me skal nemleg i selskap på fredag,
eit selskap for tante, onkel og Malin som straks skal reise til
Bolivia. Det vert nok eit kjekt selskap, eg er meir usikker
på kor kjekt det er at dei skal reise. Eg skjønar det
ikkje heilt i grunnen, men mampap seier det er litt trist. Samtidig
er det jo veldig fint, for ungane og dei vaksne i Bolivia må
jo få høyre om Jesus, sånn som eg får!
Bading har det blitt i dag også, i tillegg til mykje
jobbing for meg - eg har maska mykje med klesvask og hjelpt mampap
veldig. Og så har me flytta! I natt søv eg på
rommet i kjellaren faktisk, på eige rom for første
gong! Mampap skal sove i det andre rommet i kjellaren då, og
med dørane opne vert jo ikkje avstanden så stor,
heldigvis. Det har vore veldig vanskeleg å sove i det siste,
på det varme soverommet vårt, så dette var nok
smart. Fint rom eg har i alle fall - viss du kjem på
besøk kan du få låne det, for det er kombinert
mitt rom og gjesterom ;)
Eg snakka forresten med Gerd på stranda i dag, ho spurde
om eg var klar for å byrje i barnehagen (ho er avd.leiar
der), og til det svara eg eit engasjert JAAA! Og det er eg nok. Eg
skal nok byrje så smått i veka som kjem sikkert,
då er det jo få ungar og få vaksne, men i veka
etter der er det fleire. Men då er barnehagen stengt på
torsdag og fredag, når mampap skal på planlegging,
så då vert det berre to dagar for meg. Spanande tider i
alle fall!
Hade!