2 år!

Blogg ninanost :I Jenseverda, 2 år!

Hohei!

Fort går det, og stor er eg

I går feira me toårsdagen min altså, og det var kjempekjekt! Eg var først på ein laaaaang sykkeltur, såg på kyr og sånn. Seinare fekk eg opne pakkar - mange pakkar! Og du og du, det var moro. For der var det berre fine og kjekke ting som du ser - masse duplo, litt klede, stol, sekk, sangkort, bok, hylle, ei tromme... Eg har kosa meg masse med alt dette, og skal gjere det leeeeenge framover! Så åt me god middag (pastasalat), og eg fekk vere med å lage vafler. Me la vaflene i ein høg stabel på eit fat, og så sette mamma to lys oppå der som ho tente på, og eg skulle blåse ut. Det gjekk fint med litt hjelp ;) Eg åt berre ei vaffel, så gjekk eg over på eple. Det er slitsamt å ha bursdag òg altså, så eg var supertrøtt då eg la meg.

No er eg altså 2 år. Jajaja.

Eg har begynt i barnehagen også altså. I dag var 3. dagen min, og eg var der åleine frå 8.30 til 15.00! Gjekk fiiiinfint, eg kosar meg og har mykje godt å fortelje når eg kjem heim. Det er mykje som er fint i barnehagen: dei vaksne er kjekke, dei har masse kjekke leiker både inne og ute, og så får eg god mat der. Og så søv eg ute i vogn akkurat som heime. Dei vaksne der seier at det har gått heilt flott, eg har glidd så fint inn

Utanom dette så har eg sidan sist vore med mampap på ein miniferie på Sandnes. Det var fordi tante Eva, onkel Kurt, Malin og babyen vart innvidde til misjonærteneste forrige helg. Det var veldig fint - eg fekk med meg selskapet på dagen, på kveldsmøtet på UL der sjølve innviinga var var eg tilstades, men det var i djuuuup søvn i vogna mi. Meir om dette inne hos mampap.

Ordforrådet mitt aukar kvar dag med mange ord, så det går fort altså. Eg kan røpe at det er veldig frustrerande når dei rundt meg ikkje kan skjøne kva eg meinar - av og til er det til å bli tussete av! Stort sett er eg likevel blid og glad, og heldigvis forstår folk meir og meir.

No søv eg godt - det er slitsamt med lang dag i barnehagen! Likevel ikkje så lett å få sove, for det er mykje som skal bearbeidast og sånt...

Men du - god helg!

 

fredag 08 augusti 2008 19:57



Inga kommentarer 2 år!



Din kommentar :

(valfritt)

(valfritt)

error

Observera att stötande, rasistiska eller liknande kommentarer inte är tillåtna på den här sidan.Om någon lämnar in ett klagomål på det du skrivit använder vi din internetadress (38.107.179.244) som identifiering.     



öppna
stäng

Du måste vara ansluten för att skriva ett meddelande till ninanost

Du måste vara ansluten för att lägga till ninanost till dina vänner

 
Skapa en blogg